Aktivitetar og gruppetilbod

Aktivitetar og gruppetilbod

Velkomen til Svingen! Her finn du ei oversikt over aktivitetane våre, delt inn i faste innslag og meir sporadiske arrangement. Tilbodet er under utvikling og vil dermed kunne endre seg.

Målet er å skape eit inkluderande og levande miljø der alle kan finne noko som passar – anten du vil delta kvar veke, eller berre stikke innom når det skjer noko ekstra. Er det aktivitetar du saknar og kan tenke deg å bidra til? Ta gjerne kontakt med dagleg leiar.

Opne aktivitetar - for alle som vil vere med

Aktivitetane er opne for alle som ønskjer sosialt fellesskap, trivsel og ein aktiv kvardag. Her kan du delta utan påmelding.

Kafeen har ope på kvardagar mellom kl.11.00-15.00. Informasjon om menyen finn du på denne sida. 

I foajeen er handarbeidskroken open kvar tysdag kl.10.00. Her kan du strikke, hekle, brodere - eller berre slå av ein prat. Ta med ditt eige prosjekt eller få inspirasjon frå andre.

Måndagane er det smilepuls mellom kl.10-11 - lett bevegelse i takt med musikk.

Tysdagane har seksjon rehabilitering balansegruppe på Svingen (krev påmelding via fysioterapeut)

Onsdagane samlast vi rundt borda i foajeen mellom kl.11-12 for kortspel, sjakk og meir. Du treng ikkje vere ekspert - her er det plass til både nybegynnarar og speleentusiastar.

Torsdagane er det Smilepuls - lågterskel treningsøkt på 20 minutt. Her kan dei som ønsker delta.

Fredagane informasjon kjem

 

Opne aktivitetar med påmelding

Desse aktivitetane er opne for alle som ønskjer å delta, men krev påmelding på førehand. Dette kan vere fordi det er avgrensa plassar, eller fordi aktiviteten krev litt planlegging.

 

Temakafé:

Programmet for hausten 2025:

31.oktober: Magnar Hjertenæs viser bilde frå samlinga “Bilete av kvardagslivet i Herøy” etter fotograf Andreas Berge, kl.13-15

21. november: foredrag med Thomas Myklebust, kl.14.00-15.00. 

Desember: informasjon kjem.

 

Tankevirus

Meistringskurset Tankevirus er retta mot førebygging og tidleg behandling av lette til moderate psykiske plager. Har du lyst til å lære nokre teknikkar for å få det betre? Da kan du melde deg på eit Tankevirus-kurs. 

Kva kostar det?

Det kostar 100 kroner for å delta.

Ønsker du å delta?

Ny kursrekke startar opp på Svingen 29.oktober. Kurset består av to økter på om lag ein time. Påmelding til: 902 87 333.

 

KiD-kurs

Kven passer det for?

Kurs i depresjonsmeistring (KiD) er eit tilbod til vaksne personar som slit med tungsinn eller milde til moderate depressive  På KiD-kurs lærer du å sjå samanheng mellom tankar, kjensler og handlingar. Kurset er basert på kognitiv åtferdsterapi.

Kva kostar det?

Informasjon kjem.

Ønsker du å delta?

Informasjon om neste kursrekke kjem.

KiB-kurs

Kven passer det for?

Kurs i belastningsmeistring (KiB) rettar seg mot personar som opplev stor belastning, og som har behov for å utvikle eiga meistringsevne.

Kva kostar det?

Informasjon kjem.

Ønsker du å delta?

Informasjon om neste kursrekke kjem.

 

Tilrettelagde aktivitetar - for bestemte grupper

Sanserom

På Svingen har vi sanserom som inneheld terapigyngestol og sensoriske element som interaktive boblerør og fiberoptisk lys. Det er mogleg for brukarar (med følgjeperson) å reservere sanserommet mellom kl.10.00-15.00 på kvardagar. Maks ein time per veke per person. Ved stor pågang kan dette endrast.

Brukarar som har tenester/bemanning frå kommunen kan få tilgang utanfor opningstid. 

For å reservere sanserom, ta kontakt med dagleg leiar på Svingen på e-post monica.torvik.stokset@heroy.kommune.no eller telefon 90 36 90 31.

 

Balansegruppe

Balansegruppa har oppstart kvart halvår, vår og haust. Treninga blir leda av fysioterapeut, og alle aktuelle deltakarar kallast inn til kartlegging og målsamtale med oppstart og avslutning av halvåret for å vurdere om gruppetreninga er riktig tiltak for den enkelte. Målsettinga er å forebygge og redusere risiko for fall gjennom auka styrke og balanse, og at du som deltek fortset med vidare trening på eiga hand når du er ferdig med gruppa. 

For å delta i gruppa:

  • Må du vere heimebuande
  • Klare å gå sjølv, med eller utan ganghjelpemiddel
  • Ha nedsett balanse og/eller styrke i beina
  • Tidlegare hatt fall eller vere engsteleg for å falle

 

Ønsker du å delta?

Meld interesse til kommunefysioterapeut Markus Skorpen på telefon 91 33 25 09.