Aktivitetar for alle - Herøy kommune

Aktivitetar for alle

Aktivitetar for alle

Velkomen til Svingen! Her finn du ei oversikt over dei faste aktivitetane våre. Tilbodet er under utvikling og vil dermed kunne endre seg.

Målet er å skape eit inkluderande og levande miljø der alle kan finne noko som passar – anten du vil delta kvar veke, eller berre stikke innom når det skjer noko ekstra. Er det aktivitetar du saknar og kan tenke deg å bidra til? Ta gjerne kontakt med dagleg leiar.

Opne aktivitetar
KlokkaMandagTysdagOnsdagTorsdagFredag
10:00Handarbeidskrok der du kan strikke, hekle,og brodere . Ta med ditt eige prosjekt eller få inspirasjon frå andre.
12:00Turgruppe startar opp 13.aprilSittedans - lett trim.Sittedans- lett trim.Sittedans - lett trim.
13:15Trefftid med likepersonar frå LPP (pårørande innan psykisk helse)Sirkeltrening i regi av seksjon psykisk helse og rusBrettspelgruppe: Vi leiter fram brettspel, sjakk og meir for dei som ønsker å samlast.
14:00Musikkstund eller lesestundBingo - 20 kr per brettQuiz/rebusoppgåver