Kafé Svingen

Kafé Svingen

Velkommen til kafé Svingen! Her kan du nyte ein kopp kaffi, noko godt å bite i, og ikkje minst - hyggeleg lag og god stemning. Kafeen er open for alle og er meint som ein sosial møteplass for alle aldrar. Kafeen er ein del av det daglege aktivitetstilbodet ved Svingen, og vert driven i samarbeid med deltakarane våre, kvalifiseringssenteret og frivillige. 

Opningstider

Måndag til fredag kl.11.00-15.00.

Meny:

I kafeen kan du kjøpe kaffi, heimelaga mat og bakst til rimelege prisar. Frå om lag kl.13:00 kan du kjøpe dagens middag, som kostar 150 kroner per porsjon. Du kan også kjøpe med deg middag heim om du ønsker det.

Middagsmenyen vil variere frå veke.  Pris og meny finn du på skjermen i kafeen. 

 

Viktig informasjon for grupper

For å kunne planlegge godt og sikre nok mat, ber vi om at grupper på over 10 personar gir beskjed seinast dagen i førevegen.

Du kan kontakte oss på:

e-post svingen@heroy.kommune.no

telefon 48 25 32 92