Lokal kampanje: 4 tips til 65+

Blåtunet dagaktivitetssenter

Blåtunet dagaktivitetssenter

Blåtunet er eit dagaktivitetssenter for menneske med demenssjukdom. Blåtunet ligg ved Herøy omsorgssenter, blå avdeling. Tilbodet er på dagtid, måndag til fredag.

Kven passar tenesta for?

Dagaktivitetstilbodet er aktuelt for menneske med demenssjukdom. Her får du frukost, middag og kaffimat i sosialt fellesskap med andre. I tillegg får du tilbod om å delta på ulike aktivitetar.

Kva kostar det?

Prisane på dagopphald for eldre er bestemt av Stortinget:

Dagplass institusjon 2024

Dagplass institusjon 2024
Pris Grunnlag Vedtak
Dagopphald kr. 110,- pr.dag Fastsett av stortinget Vedtak om eigenbetaling vert gjort etter tildelt dagplass.

Korleis søkjer du?

Du søkjer ved hjelp av søknadsskjema som du finn her.

Når kan du vente svar?

Vi handsamar søknaden sin så raskt som mogleg. Du får svar innan fire veker.

Kontakt

Blåtunet dagaktivitetssenter
Mobil 94 17 56 23
Julianne Higraff
seksjonsleiar Herøy omsorgssenter blå avdeling
E-post
Monika Sande
vernepleiar
E-post
Mobil 90 69 43 10