Dagtilbod omsorgssenter

Dagtilbod omsorgssenter

Vi tilbyr eit tilrettelagt dagtilbod  for personar som har behov for meir støtte og hjelp enn det som kan givast i eit ordinært dagtilbod. 

Målet er å skape ein trygg og aktiv kvardag, med sosialt fellesskap og tilbod som er tilpassa den enkelte sine behov og ressursar. Våre tilsette har kompetanse til å gi tett oppfølging og nødvendig pleie.

Har du lyst til å vere saman med andre eller ta del i ulike aktivitetar, så har vi dagtilbod ved  Myrvåg omsorgssenter, seksjon a.

Tilboda er opne på dagtid, to dagar i veka

Kven passar tenesta for?

Dagtilbodet er aktuelt for eldre med nedsett funksjonsnivå. Her får du frukost, middag og kaffimat i sosialt fellesskap med andre. I tillegg får du tilbod om å delta på ulike aktivitetar.

Kva kostar det?

Prisane på dagopphald for eldre er bestemt av Stortinget:

Dagplass institusjon 2026

Dagplass institusjon 2026
PrisGrunnlagVedtak
Dagopphald kr. 115,- pr.dagFastsett av stortingetVedtak om eigenbetaling vert gjort etter tildelt dagplass.

Korleis søkjer du?

Du søkjer ved hjelp av søknadsskjema som du finn her.

Når kan du vente svar?

Vi handsamar søknaden sin så raskt som mogleg. Du får svar innan fire veker.

Kontakt

Anna Emilie Slenes Blomstervik
seksjonsleiar Myrvåg omsorgssenter seksjon A
E-post
Mobil 98 07 54 78
Maria Kristin Kvalsvik
seksjonsleiar heimetenesta i Herøy
E-post
Mobil 99 21 00 59