Dagtilbod Svingen - Herøy kommune

Dagtilbod Svingen

Dagtilbod Svingen

Svingen er eit sosialt dagtilbod for eldre som ønskjer ein meiningsfull kvardag. Tilbodet er ope kvardagar, og er ein stad for samvær, trivsel og gode opplevingar i trygge omgjevnader. 

Svingen er open frå klokka 10.00-15.00.

Kafeen 11.00-15.00.

Tysdag, onsdag og torsdag er det aktivitør til stades som legg til rette for ulike aktivitetar. Du kan velje å delta i det som passar for deg, anten det er:

  • fysiske aktivitetar
  • sosiale aktivitetar
  • rolege aktivitetar

 

For dei som har behov for det, har Svingen eit eige rom der ein kan trekkje seg tilbake og kvile.

Det er mogleg å kjøpe lunsj eller middag, samt kaffi og kaker, til rimelege prisar.

Vi tilbyr også gratis transport med bil til og frå Svingen for deltakarar som treng dette.

 

Kven passar tenesta for?

Dagtilbodet Svingen er for heimebuande personar som ønskjer:

  • sosialt fellesskap
  • meiningsfulle aktivitetar i kvardagen

Tilbodet passar både for dei som ønskjer å vere aktive, og for dei som berre vil kome for hyggeleg samvær og sosial kontakt.

 

Kva kostar det?

Dagtilbodet Svingen er gratis.
Deltakarar betaler berre for mat og drikke dei kjøper sjølve.

 

Korleis søkjer du?

Dagtilbodet Svingen er gratis, og det er ingen formell søknad for å delta.
Du kan ta direkte kontakt for å avtale transport om du ikkje har anna moglegheit for å kome deg til Svingen.

 

Kontaktinformasjon

Dagleg leiar 90369031

Aktivitør/transport bestilling 90590135