Kortvarig behov for hjelpemiddel
I faser i livet vil du kunne ha behov for hjelpemiddel for å kunne klare deg i det daglege.
Kven får tenesta?
Har du eit kortvarig (under to år) og midlertidig behov for hjelpemiddel kan du få låne nødvendig hjelpemiddel i kommunen.
Korleis få tenesta?
Du kan ta kontakt med pleie- og omsorgsavdelinga som er den avdelinga som har ansvaret for utlån.
Det er hjelpemiddelkontakter i heimetenesta i både indre- og ytre Herøy. Hjelpemiddelkontaktene disponerer hjelpemiddel frå kommunalt lager i samarbeid med ergoterapeut.
Om du treng krykkjer eller gripetang får du kjøpt dette i Servicetorget på rådhuset.
Publisert 27.08.2018 14:41
Sist endra 13.05.2025 10:26