Kven får tenesta:
Du må ha ein varig (over to år) og vesentlig redusert funksjonsevne for å kunne søkje om hjelpemiddel frå Nav Hjelpemiddelsentral.
Korleis få tenesta?
Kontakt ergoterapeut i kommunen. Får du hjelp frå fysioterapeut, heimeteneste eller andre tenester i pleie- og omsorg kan dei hjelpe deg med å formidle kontakt.
Heimetenesta har også hjelpemiddelkontakter som kan hjelpe til med å søkje noko utstyr.