Lokal kampanje: 4 tips til 65+

Synskontakt

Synskontakt

I Herøy kommune er det etablert synskontakt i samarbeid med Hjelpemiddelsentralen i Møre og Romsdal. Synskontakt kan hjelpe å søkje synstekniske hjelpemiddel frå Nav Hjelpemiddelsentral, og i tillegg gi opplæring og oppfølging i desse.

Kven kan få tenesta?

Kriterier for å få synshjelpemiddel er at ein må ha visus (synsskarpet) dårlegare enn 0,3 på beste auge. Ein må ha oppdatert dokumentasjon frå augelege/optiker før ein kan søkje hjelpemiddel.

Døme på synshjelpemiddel er lupelamper, filterbriller, lese-tv, lydbokspelar med meir.

Korleis få tenesta?

Ta kontakt med synskontakt i Herøy Kommune som er  kommuneergoterapeuten.

Kontakt

Mari Skogstad
ergoterapeut
E-post
Mobil 99 21 00 95