Bli med på Ti på topp

Middag på døra

Middag på døra

Er du eller nokon du tek deg av, ikkje er i stand til å lage middag sjølv? Då kan du søkje om å få levert middag heim frå kjøkkenet ved Herøy og Myrvåg omsorgssenter.

Kven kan få levert mat?

Tilbodet gjeld eldre og personar med nedsett funksjonsnivå, som av ulike årsaker ikkje klarer å lage middag sjølve. Dersom du klarer å varme deg ferdigmat i mikroovn, er du ikkje i målgruppa for denne ordninga.

Kva kostar det?

 

Kommunestyret revurderer prisane ved kvart årsskifte. Du må avbestille innan klokka 12 dagen før, elles blir du fakturert som vanleg.

Middag på døra 2024
Utkøyring av mat Sal av middag i institusjon
kr. 120 pr. middag Kr. 120 pr.middag
Satsane vert justert årleg.

Fullkost er eit tilbod til dei som bur i heildøgnsbustad på Eggesbøtun.

Korleis søkjer du? 

Du søkjer i dette  søknadsskjemaet.

Når kan du vente svar?

Vi vil handsame søknaden din så fort som råd. Du får svar innan fire veker.

Kontakt

Elsebe Rindalsholt
seksjonsleiar Heimetenesta Ytre
E-post
Telefon 70 08 14 79
Mobil 99 21 00 59
Gry Dragsund-Vike
avdelingsleiar pleie og omsorg
E-post
Mobil 90 78 51 78