Middag på døraEr du eller nokon du tek deg av, ikkje er i stand til å lage middag sjølv? Då kan du søkje om å få levert middag heim frå storkjøkkenet ved Herøy omsorgssenter.Kven kan få levert mat?Tilbodet gjeld eldre og personar med nedsett funksjonsnivå, som av ulike årsaker ikkje klarer å lage middag sjølve. Dersom du klarer å varme deg ferdigmat i mikroovn, er du ikkje i målgruppa for denne ordninga.Kva kostar det? Kommunestyret revurderer prisane ved kvart årsskifte. Du må avbestille innan klokka 12 dagen før, elles blir du fakturert som vanleg. 2026: Middag på døraUtkøyring av matSal av middag i institusjonkr. 130 pr. middagKr. 130 pr.middagSatsane vert justert årleg. Fullkost er eit tilbod til dei som bur i heildøgnsbustad på Eggesbøtun.Korleis søkjer du? Du søkjer i dette søknadsskjemaet.Når kan du vente svar?Vi vil handsame søknaden din så fort som råd. Du får svar innan fire veker. Publisert 20.08.2018 21:02 Sist endra 27.02.2026 10:46