Parkeringsløyve

Parkeringsløyve

Har du ei funksjonshemming som gjer at du ikkje kan gå så langt? Da kan kanskje eit parkeringsløyve vere godt å ha. 

Kva er parkeringsløyve?

Parkeringsløyvet gir deg løyve til å parkere på merka parkeringsplassar nær hovedinngang og eventuelt heis. Løyvet er personleg og kan nyttast både som sjåfør og passasjer. For å få vite meir om ordninga kan du lese: Forskrift om parkeringstillatelse for forflyttingshemma. 

Kven kan få parkeringsløyve?

Er du rørslehemma og berre kan bevege deg over ei avgrensa strekning, kan du søkje.

Ein institusjon kan søkje parkeringsløyve for bil som vert nytta for rørslehemma. 

Korleis søkjer du?

Du søkjer på eige elektronisk søknadsskjema. Har du spørsmål om tenesta, eller treng skjema på papir, kan du ta kontakt med servicetorget.  

Institusjonar søker på eige skjema for institusjon.

Kva kostar det?

Tenesta er gratis.

Kva skal ligge ved søknaden?

Du må legge ved erklæring frå lege (PDF, 192 kB) som fortel kvifor du har behov for parkeringsløyve . Dersom søknaden vert innvilga, treng vi eit passbilde av nyare dato. Har du ikkje bilde å legge ved søknaden, kan du møte opp i servicetorget ved Herøy rådhus, og vi tek eit bilde av deg.

Når kan du vente svar?

Vi handsamar søknaden din så raskt som råd når utfylt søknad med bilde og legeerklæring er mottatt.