Brukarstyrt personleg assistanse BPA

Brukarstyrt personleg assistanse BPA

Føremålet med BPA (brukarstyrt personleg assistanse) er å gi personar med stort hjelpebehov større fridom til å styre tenestene og kvardagen sjølv.

Kva er BPA?

BPA er ein alternativ måte å organisere praktisk hjelp og opplæring på, for personar med langvarig og stort behov for personleg assistanse eller avlasting for barn under 18 år. 

Ei god rettesnor er at det folk vanlegvis greier sjølv, kan også ein assistent gjere, så lenge det skjer på ein forsvarleg måte.

Kven kan få BPA?

Ordninga er meint for deg under 67 år som har behov for hjelp i meir enn to år og meir enn 32 timar per veke.

Du kan også ha rett til ordninga dersom du har mellom 25 og 32 timar per veke. Ta kontakt med ansvarleg for tenesta for spørsmål.

Når hjelpa di vert organisert som BPA, er det du sjølv, eventuelt med hjelp frå andre/pårørande, som organiserer og leiar arbeidet.

Det er eit krav at den som er arbeidsleiar kan leie ordninga på ein forsvarleg måte.

Du kan lese meir om ordninga på helsenorge.no.

Leverandørar av BPA

Desse leverandørane kan du som innbyggjar i Herøy velje mellom:

Leverandørar av BPA-tenester
NamnKontaktinformasjonNettstad
Stendi ASTlf. 93682918/ Anne.Katrine.Pedersen@stendi.nowww.stendi.no
Abcent ASTlf. 35100250/ post@abcent.nowww.abcent.no
Mio BPATlf. 40054007/ bpa@mio.nowww.mio.no/bpa
Uloba ASTlf. 32205910/ post@uloba.nowww.uloba.no
Prima Assistanse ASTlf. 22150100/ post@primaassistanse.nowww.prima-assistanse.no
Assister meg ASTlf. 40000303/ post@assistermeg.nowww.assistermeg.no
Ecura hjemmetenester og BPATlf. 69129600/ bpa@ecura.nowww.ecurabpa.no
Assent ASTlf. 55385000/ bpa@assent.nowww.assent.no
Human Care ASTlf. 95043000/ bpa@humananorge.nowww.humananorge.no
Medvind AssistanseTlf. 99594605/ post@medvindassistanse.nowww.medvindassistanse.no
JAG Assistanse ASTlf. 96209666/ post@jagassistanse.nowww.jagassistanse.no
Abri Dialogue BPA ASTlf. 51656000/ post@abridialogue.nowww.abridialogue.no
Machri ASTlf. 92484615 post@machri.nowww.machri.no
Solid Assistanse ASTlf. 91145990/ post@solid-assistanse.nowww.solid-assistanse.no
Hav ASTlf. 22591100/ bpa@hav2care.nohttps://www.2care.no/bpa/bpa

Kva kostar det?

Tenesta er gratis, men nokre av tenestene som er inkludert i BPA-ordninga må du framleis betale for. Det gjeld timane som blir nytta til reinhald og klevask, og her betalar du timesats.

Satsen vert regulert av kommunestyret ein gong i året. Ein betalar  kr. 420,-  per. time før ein går over på abonnementsordning.

Dersom inntekta di er under 2 G betalar du ein sats som er fastsett av Stortinget. Denne satsen er 220,- kr. per månad per 01.01.23.

Dersom du har høgare inntekt betalar du timespris opptil eit makstak oppgitt i tabellen under.

Betaling for heimehjelp tek utgangspunkt i den samla inntekta til husstanden.

Heimehjelp 2025- prisar:

Heimehjelp 2025- prisar:
GInntekt i kr.Pris pr. mnd.
Inntil 2 G248 056240,-
Frå 2 til 3 G372 0841 630,-
Frå 3 til 4 G496 1122 040,-
Frå 4 til 5 G620 1402 450,-
Over 5 G620 1402 765,-

Korleis søkjer du?

Du søkjer i dette  søknadsskjemaet .

Når kan du vente svar?

Vi vil handsame søknaden din så fort som råd. Du vil få brev dersom det tek lenger tid enn fire veker.

Kontakt

Inga-Lill Slenes Bjørnstad
avdelingsleiar tenestekoordinering
E-post
Mobil 90 82 52 60
Camilla Kvalsvik Aksnes
fagkonsulent pleie og omsorg
E-post
Telefon 99 22 99 82
Mobil 99 22 99 82
Beate Lyshagen
Seksjonsleiar seksjon B, Bu og habilitering
E-post
Mobil 90 86 32 91