Kven kan få hjelp til husarbeid?
Personar som har behov for praktisk hjelp på grunn av sjukdom, funksjonshemming, høg alder eller andre årsaker.
Kva kostar det?
Satsen vert regulert av kommunestyret ein gong i året. Ein betalar kr. 465,- per. time før ein går over på abonnementsordning.
Dersom inntekta di er under 2 G betalar du ein sats som er fastsett av Stortinget. Denne satsen er 240,- kr. per månad per 01.01.25.
Dersom du har høgare inntekt betalar du timespris opptil eit makstak oppgitt i tabellen under.
Betaling for heimehjelp tek utgangspunkt i den samla inntekta til husstanden.
Korleis søkjer du?
Du søkjer i dette søknadsskjemaet..
Etter at du har søkt, vil heimehjelpskoordinator ta kontakt med deg for eit heimebesøk.
Når kan du vente svar?
Vi vil handsame søknaden din så fort som råd. Du får svar innan fire veker.