Lokal kampanje: 4 tips til 65+

Heimehjelp

Heimehjelp

Heimehjelpsordninga (praktisk bistand daglege gjeremål) rettar seg mot dei som treng praktisk hjelp til husarbeid i heimen. 

Kven kan få hjelp til husarbeid?

Personar som har behov for praktisk hjelp på grunn av sjukdom, funksjonshemming, høg alder eller andre årsaker.

Kva kostar det?

Satsen vert regulert av kommunestyret ein gong i året. Ein betalar  kr. 420,-  per. time før ein går over på abonnementsordning.

Dersom inntekta di er under 2 G betalar du ein sats som er fastsett av Stortinget. Denne satsen er 220,- kr. per månad per 01.01.23.

Dersom du har høgare inntekt betalar du timespris opptil eit makstak oppgitt i tabellen under.

Betaling for heimehjelp tek utgangspunkt i den samla inntekta til husstanden.

Heimehjelp 2024- prisar:

Heimehjelp 2024- prisar:
G Inntekt i kr. Pris pr. mnd.
Inntil 2 G 237 240 230,-
Frå 2 til 3 G 355 860 1 555,-
Frå 3 til 4 G 474 480 1 945,-
Frå 4 til 5 G 593 100 2 335,-
Over 5 G 593 100 2 635,-

 

Korleis søkjer du?

Du søkjer i dette  søknadsskjemaet..

Etter at du har søkt, vil heimehjelpskoordinator ta kontakt med deg for eit heimebesøk.

 

Når kan du vente svar?

Vi vil handsame søknaden din så fort som råd. Du får svar innan fire veker.

Kontakt

Marit Løvøy
sjukepleiar/Fagkoordinator, Heimetenesta Ytre
E-post
Mobil 96 09 45 01