Tryggleiksalarm

Tryggleiksalarm

Tryggleiksalarm er ein sendar du ber på deg heime, som ei klokke rundt arma eller som smykke rundt halsen. Du trykkjer på knappen når du treng hjelp, og då går beskjeden direkte til heimetenesta sin mobil.

Kven kan få tryggleiksalarm?


Tryggleiksalarm er eit tilbod til eldre og personar med nedsett funksjonsnivå som kjenner seg utrygge heime. Alarmen kan nyttast heile døgnet. For å få tryggleiksalarm er det nødvendig å montere ei nøkkelboks ved ytterdøra di.

 

Kva kostar det?
  

Tryggleiksalarm 2025

Tryggleiksalarm 2025
Leige av tryggleiksalarm pr. mnd. kr. 420,-

 

Korleis søkjer du?

Du søkjer ved hjelp av søknadsskjemaet som du finn her.​​​​​​​

Når kan du vente svar?

Vi vil handsame søknaden din så fort som råd. Du får svar innan fire veker.

Kontakt

Maria Kristin Kvalsvik
seksjonsleiar heimetenesta i Herøy
E-post
Mobil 99 21 00 59