Gratis foreldrekurs: Få eit endå betre forhold til barnet ditt

Smuget

Smuget

Fritidsklubben «Smuget» er medlem av Ungdom & Fritid. Det betyr at det er ein brukarstyrt og rusfri møteplass for ungdom.

Kven kan nytte fritidsklubben?  

Klubben er politisk og religiøs nøytral og kan nyttast av alle mellom 13 og 20 år.

Kva kan du forvente?

Vi har ulike aktivitetar som: bordtennis, biljard, TV-spel, brettspel og er alltid klar for nye innspel og utfordringar.

Vi har tilgong til Herøyhallen der det blir arrangert ulike aktivitetar som fotball, handball, volleyball eller andre aktivitetar om det er ynskjeleg. Annan kvar månad arrangerer vi nattcup i Herøyhallen. Vi har også skiturar til Bondalseidet der alle kan melde seg på.

Kva kostar det?

Gratis inngong. Kiosksalg.

Når er det fritidsklubb?

Fritidsklubben held til ved Herøy kulturhus med inngang på nedsida imot stadion. Fredagsklubben har ope fredag frå kl. 20.30-01.00.

Kontakt

Mona-Grethe Ryssevik
seksjonsleiar
E-post
Mobil 46 82 03 15