Kva kan du forvente?
Vi samlast til hyggeleg samvær, god mat, kaffi og kaker og sjølvsagt dansar vi. I juni har vi sesongavsluttning i «Kvalsvikteltet», Herøy gard eller ein annan stad det høver å grille. Vi dansar gjerne til «levande musikk». Når vi får det til, arrangerer vi førjulsball med julemat, dessert, gang rundt juletreet og sjølvsagt dans.
Kva kostar det?
Vanleg tysdagsklubb har inngangsbillett: 30 kroner. I tillegg er det kiosksal.
Sesongavslutning er gratis. På førjulsballet er det betaling for maten.
Når er det fritidsklubb?
Klubben er open annankvar tysdag i tida 18.00-21.00. Vi held til i fritidsklubben sine lokale ved Herøy kulturhus. Inngangen er på nedsida mot fotballbana.
Datoar for 2023:
- 11. januar
- 25. januar
- 8. februar
- 22. februar
- 8. mars
- 22. mars
- 5. april
- 19. april
- 3. mai
- 24. mai
- 7. juni
Det vert sendt ut eige skriv om sesongavslutning.