FrivilligsentralenFrivilligsentralen har som oppgåve å vere ein møteplass og brubyggjar mellom menneske, lag/organisasjonar og det offentlige. Den skal også vere knutepunkt og bindeledd mellom dei som ynskjer å yte ein ubetalt innsats i nærmiljøet og dei som ynskjer å ta i mot slik innsats. Frivillige er med å yte tenster som m.a. middagsombringing, sjukehusfølgje, hørselhjelp, natteravnkoordinering, «mat og prat», strikkekafe, datatreff, m.m. Frivilligsentralen i Herøy er driven med statstilskot frå kulturdepartementet. Frivilligsentralen har eit styre med representantar frå kommunen og lag og organisasjonar. Frivilligsentralen sine heimesider. Frivilligsentralen kan du følge på Facebook. Publisert 10.01.2022 11:41 Sist endra 21.03.2023 04:37