Driftstilskot til lag og organisasjonar
Desse kan søkje
Lag og organisasjonar med kontinuerleg kulturaktivitet for barn og unge. Døme på dette er idrettslag, kor, korps, samt lag og organisasjonar som driv barne- og ungdomsarbeid.
Eit viktig prinsipp er at søkjar legg til rette for inkludering og mangfald i aktiviteten sin.
Vurderingskriterie
Der laget har både barn og vaksne som medlemar, vert tal på born og unge vektlagt som grunnlag for vurderinga.
Organisasjonar med berre medlemar over 20 år, kan ikkje søkje om driftstilskot.
Medlemstal og type aktivitet skal vere del av vurderinga.
Aktivitetar som rettar seg mot sårbare grupper, vert prioriterte.
Tildeling skjer på følgjande måte
Administrasjonen legg fram ei tilråding basert på gjeldande vurderingskriterier. Utval for kultur og oppvekst gjer endeleg vedtak om fordeling av midlar.
Søknadar som kjem inn etter fristen, vert avslått.
Søknadsfrist: 1. februar (frå 2026). I 2025 er søknadsfristen 01.april.
Publisert 26.03.2025 12:57
Sist endra 26.03.2025 14:03