Jonsokbål: Torsdag er siste frist for å melde ifrå

Bubilparkering

Bubilparkering

Kjem du til Herøy kommune i bubil finst her fleire alternativ.

Bubilparkering i Fosnavåg sentrum

By- og bubilparken ligg i sentrum og er open året rundt med straum og døgnopne toalett/dusj, i tillegg til tømmestasjon.

I sommarsesongen frå rundt påske til første frostperioden er det også fri tilgang på ferskvatn.

Bubilparkeringa ligg lunt til i starten av Igesundvegen, er godt merka og har 10 oppstillingsplassar.

I parken like ved er det leikeapparat, klatrepark, grillhytte og ein gapahuk. Er det snø er akebakken alltid klar! 

Betaling

Det kostar kr. 200,- pr. døgn for bruk av bubilparkeringa, dette inkluderar vatn og straum. Utanfor sesong (november til februar) er prisen 1 400,- kroner for 14 dagar.

Vintersesongen er kran ute fråkopla. Der er sanitæranlegg med toalett ( kr. 10,-), og dusj som kjem i tillegg til døgnprisen.

Du betaler i eigen automat på staden.

Avfall 

Du kan også kvitte deg med restavfall i nedgravd avfallsdunk, sjå etter merking.

Tøming av tank

Det er tilrettelagt for tøming av gråtank og toalett.

I tillegg er der tilrettelagt for tøming ved Lanternen Marina -  koordinater: x=6913474.853  y=329414.450

På vinterstid

På vinterstid er ferskvatnet avstengt.

Toalettbygget og straum er i drift.

Ein kan kanskje ikkje halde ope heile plassen ved stort snøfall, men delar av plassen vert rydda.

Bubilparkering andre stadar i Herøy

Vollaneset bubil i Kvalsvika

Goksøyr Camping på Runde

Lanternen Marina i Tjørvåg

Leikong bubil