UFO - Ungdomsfritidsordning

Skal du på ein aktivitet etter skuletid, men det er lenge å vente? Ta deg ein tur innom UFO på fritidsklubben då vel.

Du kan spele biljard, du kan kjøpe deg billig, sunn og god mat i kiosken. Du kan chille på hjarteromet og spele på speleromet. Eller rett og slett gjere leksene dine.

UFO er ein gratis møteplass for 7. - 10. klasse. Ungdomsfritidsordninga skal legge til rette for at målgruppa har ein trygg og kjekk plass å vere etter skuletid/før fritidsaktivitetar.

UFO har ope måndag til fredag frå kl. 13.00 - 16.00.

Tilbodet har base på fritidsklubben ved Herøy kulturhus og der er fleire vaksenpersonar som arbeider ved fritidsklubben som er tilstades i opningstida.

Kontaktifo:

Tlf: 46 88 12 81

Sjå film om UFO her: