Kva får vinnarane?
Dei som mottek Kulturprisen får 15 000 kroner og ein statuett laga av kunstsmed Steven Carpenter. Det er designbyrået Heydays som har designa statuetten med utgangspunkt i logoen til Fosnavåg konserthus.
Det er Nordea, Sparebanken Møre og Herøy kommune i samarbeid som tildeler kulturprisane.
Korleis nominerer du?
1. mars 2024 er fristen for å nominere nokon til Kulturprisen for 2023. (Normalt er fristen 15. februar, men i år er fristen utsett.)
Klikk her for å gå til skjemaet der du nominerer til Kulturprisen.
Retningsliner for Kulturprisen
- Namnet på prisen er «Herøy kommunes kulturpris». Prisen vert delt ut kvart år.
- Formålet med prisen er å stimulere til kulturarbeid i kommunen, og omgrepet skal definerast vidt.
- Kulturprisen vert tildelt personar, organisasjonar, lag og institusjonar som har drive eller driv vedvarande og aktivt kulturarbeid i Herøy på fritida. Personar, lag og liknande som utmerkar seg spesielt eit år kan tildelast prisen. Ansiennitetsprinsippet treng ikkje vere avgjerande for tildelinga.
- Kulturprisen vert kunngjort med frist den 15. februar for å sende inn forslag på kandidatar. Alle kan sende inn forslag. Forslaget skal vere skriftleg og grunngitt.
- Ein jury beståande av ein representant frå Nordea, Sparebanken Møre, musikklivet i Herøy, Herøy idrettsråd, Herøy ungdomsråd, eldrerådet i Herøy, kulturleiar og ordførar gjer endeleg vedtak i tildelinga.
- Juryen står fritt til å velje den kandidaten dei måtte ynskje.
- Kulturprisen er for tida på 15 000 kroner, der Sparebanken Møre bidreg med halve beløpet, og ein statuett frå Herøy kommune.
- Juryen held dialog med prisvinnaren og gjer avtale om korleis dette skal offentleggjerast.
- Juryen tilpassar utdelinga av prisen etter prisvinnaren, og finn eit eigna høve til å overrekke prisen, gjerne i samband med eit arrangement eller eit markering.
Kven har fått prisen for tidlegare år?
2023: Herøy biljardklubb
2022: Johan Moltu
2021: Aase Nerem Bø og Ole Arild Bø
2020: Eldar Ove Voldsund
2019: Marit Pauline Kvalsvik
2018: Sunnmørsjekta Anna Olava
2017: Steinar Åheim
2015: Tjørvåg Idrettslag
2014: Inger Vikene
2013: Bergsøy Idrettslag
2012: Ragnhild Hjelmeset Riise og Asbjørg Meland Håberg
2011: Gurskøy Idrettslag – Turlysløypa
2010: Herøyspelet ”Kongens Ring”
2009: Kåre K. Kvalsvik
2008: Peder Nerem
2007: Terje Tjervåg
2006: Kaja Runde
2005: Ruth Frøystad
2004: Bjørn Holum og Unni Kvamme
2003: Herøy Sanitetsforeining
2002: Tor Sindre Steinsvik
2001: Herøy Kystlag
2000: Bodil Notøy
1999: Spelemannslaget Havella
1998: Jens Terje Johnsen
1997: Harald Thorseth
1996: Per Jan Vike
1995: Ytre Herøy ungdomskor
1994: Peder Worren
1993: Ingvar Moltumyr
1992: Arnljot Grimstad
1991: Runde Blandakor
1990: Roald Sporstøl
1989: Arthur ”Bassar” Frantsen
1988: Margareth Sævik
1987: Frank Løken og Severin Støylen
1986: Bjarne Rabben
1985: Oddbjørn Blindheim