Bli med på Ti på topp

Kulturprisen

Kulturprisen

Kulturprisen blir tildelt person(ar), organisasjonar/lag, institusjonar som i si fritid har eller har hatt stor tyding for kulturlivet i Herøy.

Kva får vinnarane? 

Dei som mottek Kulturprisen får 15 000 kroner og ein statuett laga av kunstsmed Steven Carpenter. Det er designbyrået Heydays som har designa statuetten med utgangspunkt i logoen til Fosnavåg konserthus. 

Det er Nordea, Sparebanken Møre og Herøy kommune i samarbeid som tildeler kulturprisane. 

Korleis nominerer du?

1. mars 2024 er fristen for å nominere nokon til Kulturprisen for 2023. (Normalt er fristen 15. februar, men i år er fristen utsett.) 

Klikk her for å gå til skjemaet der du nominerer til Kulturprisen.

Retningsliner for Kulturprisen 

  1. Namnet på prisen er «Herøy kommunes kulturpris». Prisen vert delt ut kvart år. 
  2. Formålet med prisen er å stimulere til kulturarbeid i kommunen, og omgrepet skal definerast vidt. 
  3. Kulturprisen vert tildelt personar, organisasjonar, lag og institusjonar som har drive eller driv vedvarande og aktivt kulturarbeid i Herøy på fritida. Personar, lag og liknande som utmerkar seg spesielt eit år kan tildelast prisen. Ansiennitetsprinsippet treng ikkje vere avgjerande for tildelinga. 
  4. Kulturprisen vert kunngjort med frist den 15. februar for å sende inn forslag på kandidatar. Alle kan sende inn forslag. Forslaget skal vere skriftleg og grunngitt. 
  5. Ein jury beståande av ein representant frå Nordea, Sparebanken Møre, musikklivet i Herøy, Herøy idrettsråd, Herøy ungdomsråd, eldrerådet i Herøy, kulturleiar og ordførar gjer endeleg vedtak i tildelinga. 
  6. Juryen står fritt til å velje den kandidaten dei måtte ynskje.
  7. Kulturprisen er for tida på 15 000 kroner, der Sparebanken Møre bidreg med halve beløpet, og ein statuett frå Herøy kommune.
  8. Juryen held dialog med prisvinnaren og gjer avtale om korleis dette skal offentleggjerast. 
  9. Juryen tilpassar utdelinga av prisen etter prisvinnaren, og finn eit eigna høve til å overrekke prisen, gjerne i samband med eit arrangement eller eit markering.

Kven har fått prisen for tidlegare år? 

2022: Johan Moltu

2021: Aase Nerem Bø og Ole Arild Bø

2020: Eldar Ove Voldsund

2019: Marit Pauline Kvalsvik

2018: Sunnmørsjekta Anna Olava

2017: Steinar Åheim

2015: Tjørvåg Idrettslag

2014: Inger Vikene

2013: Bergsøy Idrettslag

2012: Ragnhild Hjelmeset Riise og Asbjørg Meland Håberg

2011: Gurskøy Idrettslag – Turlysløypa

2010: Herøyspelet ”Kongens Ring”

2009: Kåre K. Kvalsvik

2008: Peder Nerem

2007: Terje Tjervåg

2006: Kaja Runde

2005: Ruth Frøystad

2004: Bjørn Holum og Unni Kvamme

2003: Herøy Sanitetsforeining

2002: Tor Sindre Steinsvik

2001: Herøy Kystlag

2000: Bodil Notøy

1999: Spelemannslaget Havella

1998: Jens Terje Johnsen

1997: Harald Thorseth

1996: Per Jan Vike

1995: Ytre Herøy ungdomskor

1994: Peder Worren

1993: Ingvar Moltumyr

1992: Arnljot Grimstad

1991: Runde Blandakor

1990: Roald Sporstøl

1989: Arthur ”Bassar” Frantsen

1988: Margareth Sævik

1987: Frank Løken og Severin Støylen

1986: Bjarne Rabben