Bli med på Ti på topp

Ungdommens kulturpris

Ungdommens kulturpris

Ungdommens kulturpris blir tildelt ungdom som utmerker seg i ein kulturaktivitet, eller personar, lag eller organisasjonar som har drive eller driv kulturarbeid mellom ungdom i Herøy på fritida.

Kva får vinnarane? 

Dei som mottek Ungdommens kulturpris får 15 000 kroner og ein statuett laga av kunstsmed Steven Carpenter. Det er designbyrået Heydays som har designa statuetten med utgangspunkt i logoen til Fosnavåg konserthus.  

Det er Nordea, Sparebanken Møre og Herøy kommune i samarbeid som tildeler kulturprisane. 

Korleis nominerer du?

Klikk her for å gå til skjemaet der du nominerer til Ungdommens kulturpris. 

1. mars 2024 er fristen for å nominere nokon til Ungdommens kulturpris for 2023. (Normalt er fristen 15. februar, men i år er fristen utsett.)

Retningsliner for Ungdommens kulturpris 

  1. Namnet på prisen er «Ungdommens kulturpris for Herøy kommune». Prisen vert delt ut kvart år. 
  2. Formålet med prisen er å stimulere til kulturarbeid blant unge i kommunen, og omgrepet skal definerast vidt. 
  3. Ungdommens kulturpris vert tildelt ungdom som utmerker seg i ein kulturaktivitet, eller personar, organisasjonar og lag som har drive eller driv kulturarbeid mellom ungdom på fritida. Personar som får tildelt ungdommens kulturpris, skal vere mellom 10 og 30 år. Dersom eit lag eller organisasjon får tildelt prisen, skal dei drive kulturarbeid i same aldersgruppe. Ansiennitetsprinsippet treng ikkje vere avgjerande for tildelinga. 
  4. Ungdommens kulturpris vert kunngjort med frist den 15. februar for å sende inn forslag på kandidatar. Alle kan sende inn forslag. Forslaget skal vere skriftleg og grunngitt. 
  5. Ein jury beståande av ein representant frå Nordea, Sparebanken Møre, musikklivet i Herøy, Herøy idrettsråd, Herøy ungdomsråd, eldrerådet i Herøy, kulturleiar og ordførar gjer endeleg vedtak i tildelinga.
  6. Juryen står fritt til å velje den kandidaten dei måtte ynskje. 
  7. Ungdommens kulturpris er for tida på 15 000 kroner, der Nordea bidreg med halve beløpet, og ein statuett frå Herøy kommune. 
  8. Juryen held dialog med prisvinnaren og gjer avtale om korleis dette skal offentleggjerast. 
  9. Juryen tilpassar utdelinga av prisen etter prisvinnaren, og finn eit eigna høve til å overrekke prisen, gjerne i samband med eit arrangement eller eit markering.

Kven har fått prisen for tidlegare år?

2022: Herøy ungdomsråd

2021: Barnekoret Noah (med leiarane Torill Torvholm og Janne Smoge Sævik)

2020: Arjan Sakarias Sydhagen Dalsøren

2019: Herøy LAN

2018: Adrian Helde Remøy

2017: Mathias Dybvik

2016: Karoline Velsvik Sivertsen

2015: Carl Henrik Moltumyr

2014: Melissa Kvalsund Nerland

2013: Jørgen Kopperstad

2012: Janne-Katrin Hansen Sævik

2011: Christoffer Remøy Endresen

2010: Sebastian Kvalsvik Frøystad

2009: Rikke Voldsund Pettersen

2008: Dagfinn Kvalsund

2007: Caroline Skar

2006: Linn Therese Sævik

2005: Inger Lise Kalland

2004: Jan Ove Berge

2003: Vegard Holum:

2002: Aina Eliassen

2001: Ingbjørn Husøy v/Adventura på Leikong

2000: Audun og Anders Havnen

1999: Knut Erik Håheim

1998: BIL Fotball – aldersbestemte klasser

1997: Marius Seljedahl