Bli med på Ti på topp

Fartsgrense i sjøen

Fartsgrense i sjøen

Krav til aktsemd gjeld alle som ferdast på sjøen, og er regulert i forskrift om fartsgrenser på sjøen.

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan ha utdatert informasjon.

Dette står i forskrifta: 

«§ 2. Ein kvar som fører eit fartøy skal utvise forsiktigheit og avpasse farten etter sikt- og farvassforholda, fartøyets størrelse, konstruksjon og manøvreringsevne, slik at det ikkje ved bølgeslag eller på annan måte oppstår fare eller valdast skade eller ulempe for personar, derunder badande, kano- og kajakkpadlarar, andre fartøy, kaier, akvakulturanlegg, strandlinjer, dyre- og fugleliv og omgjevnadar elles.»

I tillegg til aktsemdkravet gjeld følgjande særskilde fartsgrenser i sjøen i Herøy kommune (for næringsfartøy og fritidsfartøy):

  • Fosnavåg fiskerihamn: 5 knop 
  • Straumane: 8 knop

Forskrift om fartsgrense for fritidsfartøy, sjøkart nr. 30, Herøy kommune, Møre og Romsdal

Forskrift om statlege fartsgrenser på sjøen (næringsfartøy)

Digitalt sjøkart med fartsavgrensingsområde