Renovasjon hamnAvfallsgebyret gjeld for anløp til kommunale kaier eller andre kaier der kommunen tilbyr avfallsløysingar.Kva kostar det?Avfallsgebyret vert belasta fartøy på 50 BT eller meir ved anløp til kommunale kaier eller andre kaier der kommunen tilbyr avfallsløysingar. Gebyret skal betalast sjølv om det ikkje vert levert avfall. Fartøy under 50 BT skal betale for faktisk levert avfall. Ved gjentakande anløp innanfor same døgn vert avfallsgebyret belasta berre ein gong. Avfallsgebyr hamn 2025: Type Pris utan moms Fartøy under 50 BT Kr. 129,- pr. søppelsekk Fartøy mellom 50 BT og 1200 BT Kr.412,- pr. anløp Fartøy over 1200 BT Kr. 515,- pr.anløp Farleg avfall, kloakk og lasterestar må handterast av godkjent renovatør som vert bestilt og fakturert i kvart enkelt tilfelle.Fartøy som har faste avtaler med andre hamner om levering av avfall, og kan dokumentere dette, får bortfall av avfallgebyret.Meir informasjon finn du i kommunen sin avfallsplan for kommunale kaier og hamneanlegg (PDF, 760 kB) Publisert 05.10.2018 11:52 Sist endra 06.02.2025 11:36