Bli med på Ti på topp

Utvida skjenkeløyve (areal og tid)

Utvida skjenkeløyve (areal og tid)

Har du skjenkeløyve kan du søkje kommunen om å ta dette med ut av lokalet eller endre skjenketida for eit enkelt arrangement.

Korleis søkje utvida skjenkeløyve?

For at du skal vere sikker på å ha eit svar til arrangementet er det viktig at du søkjer i god tid og seinast  fire veker før arrangementet.

Søknaden skal leverast elektronisk. Husk å leggje ved naudsynt dokumentasjon som er:

  • Skal arrangementet vere ute, må du sende inn eit kart over området der skjenkearealet er avmerka.
  • Grunneigar sitt løyve til bruk av arealet
  • Skildring av arrangementet, kor mange deltakarar som er forventa og kva vakthald som skal vere under arrangementet.
  • Skal arrangementet vere inne opplyser du kvar det skal vere og leverer skildring og teikningar av arealet.

Behandlingstid:

Administrasjonen handsamar desse søknadane. Ein ber politi og NAV sosial om uttale til søknaden. Det tek derfor inntil 4 veker å få søknaden handsama.