I Herøy kommune har vi eit psykososialt kriseteam som kan vere til støtte for deg og dine næraste når de opplever ei krise eller ei belastande hending som er vanskeleg å handtere åleine.
Kriseteamet hjelper personar, familiar og andre som er ramma av alvorlege hendingar. Målet er å gi støtte i ein vanskeleg situasjon og bidra til at den enkelte kan meistre kvardagen vidare.
Når kan kriseteamet hjelpe?
Kriseteamet kan bli kopla inn ved hendingar som:
- Brå og uventa dødsfall
- Alvorlege ulykker
- Trafikk- og transportulykker
- Sjølvmord
- Brann
- Vald, drap og alvorlege truslar
- Ran eller gisselsituasjonar
- Sakna personar
- Uventa barnedød
- Andre alvorlege og belastande hendingar
Korleis får eg hjelp?
Det psykososiale kriseteamet blir oftast aktivert av politi, AMK, eller andre naudetatar ved alvorlege hendingar. Andre offentlege instansar kan også ta kontakt med teamet ved behov.
Telefon til psykososialt kriseteam: 481 76 452
Kva hjelp kan eg få?
Psykososialt kriseteam tilbyr støtte og oppfølging tilpassa den enkelte situasjon. Døme på hjelp kan vere:
- Samtalar og psykososial støtte
- Råd og rettleiing
- Informasjon om vanlege reaksjonar etter kriser og traumatiske hendingar
- Hjelp til å mobilisere støtte frå familie og nettverk
- Hjelp til kontakt med andre tenester ved behov
Du bestemmer sjølv om du ønskjer hjelp. Teamet vurderer saman med deg kva oppfølging som passar best
Publisert 14.01.2019 10:42
Sist endra 09.09.2026 11:30