Personvernombod i Herøy kommune

Personvernombod i Herøy kommune

Kommunen har eit eige personvernombod du kan kontakte for spørsmål.

Personvernombodet har mellom anna til oppgåve å gi råd til kommunen om korleis personvernlovgivinga best mogeleg skal takast i vare. I tillegg skal personvernombodet vere med på å kontrollere at kommunen følgjer opp pliktene sine etter personvernlovgivinga.

Selskapet IKA Møre og Romsdal er personvernombod for Herøy kommune.

Personvernombodet har ei uavhengig rolle og kan hjelpe deg med å ivareta rettane dine, og påpeike brot på regelverket til kommunen.

Les meir om oppgåver og ansvar som ligg til personvernombodet.

E-post: personvernombud@ikamr.no 

 

Melde eventuelle brot til Datatilsynet

Her kan du lese Datatilsynet sin informasjon og melde eventuelle brot til tilsynet.