
Kommunestyret fatta følgjande vedtak i møte den, 03. Juni.2025, ved behandling av politisk sak for offentleg ettersyn av planforslag for ovannemnde plan:
- Kommunestyret vedtek, jf. plan- og bygningslova § 12 -12, framlagt planforslag til detaljreguleringsplan «Nautøya, vestre del av gnr 40 bnr 5», planID 202107.
- Kommunedirektøren skal før kunngjering sørgje for at innhaldet i planen og framstillinga av han blir digitalisert og kvalitetssikra, og at eventuelle mindre suppleringar og justeringar blir gjorde.
Dette betyr at tiltakshavar kan gå vidare med utvikling av dette nye bustadområdet i vestre delar av Nautøya. Tiltaket vil innebere oppføring av totalt sju nye bustadar, med store eigendommar, nærleikeplass, eigen tilkomstveg til delar av bustadtomtene, òg friområde på land og i sjø som vil vere opent tilgjengelege for ålmenta. Områda er føreslått knytt saman med ein grussti over friområdet på land, for å auke tilgjengelegheita ytterligare.
Planforslaget følgjer opp arealdisponering frå kommuneplanen sin arealdel, og vil stå i stil med dagens busetnad mot sørvest. Dette kombinert med eigen nærleikeplass, og friområde på land og i sjø, kan legge grunnlaget for oppføring av eit triveleg og opent bustadområde, noko administrasjonen vurdera som positivt. Auka tilgang til strandsona vurderast som eit positivt punkt, då dagens terreng er kupert og lite tilgjengeleg for ålmenta. Fjerning av siktagranskog vurderast også som positivt, spesielt av omsyn til Nautøya sin status som viktig leveområde for sårbare artar.
Planforslaget legg til rette for ei positiv utvikling av bustadsituasjonen på Nautøya. Det er gjennomført fleire tiltak for å redusere negative konsekvensar, og sjølv om det vil vere nokre ulemper – som påverknad på fuglehabitat og landskap – vurderast desse som små samanlikna med fordelane av prosjektet.
Gi innspel her
Dei oppdaterte dokumenta kan du finne i kunngjeringsbrev på postlista til Herøy kommune, saman med anna saksdokumentasjon, politiske handsamingar, og korrespondanse.
Fristen for å gi merknadar til planarbeidet er 12.12.2025.
Du kan gje høyringsinnspel i dette skjemaet. Merk innsendinga med årstalet 2021 og mappenummer 3131.