Eldrerådet - Herøy kommune

Eldrerådet

Eldrerådet

Eldrerådet skal behandle og gi uttale i alle politiske saker som omhandlar eldre sin livssituasjon, velferd og trivsel for eldre, før endeleg vedtak i utval og kommunestyret.

Når ei sak som eldrerådet har uttalt seg om blir behandla i eit folkevalt organ, har rådet rett til å vere til stades og uttale seg.
Eldrerådet kan også ta opp saker på eige initiativ dersom dei meiner noko er viktig for eldre. Innspel til kva eldrerådet kan ta opp, kan du sende til kommune.

Kven er medlem av eldrerådet?

Går du inn på eit møte vil du finne liste over medlemmer under sakene. Liste kan du finne nederst i lenkja her.

Leiar for eldrerådet er Solfrid Hagemann.

Har du ei sak til eldrerådet?

Du kan sende inn ditt forslag her.

Kva jobbar eldrerådet med?

I arbeidet vårt med eigne saker vil me følgje opp tenester og tiltak for eldre med fokus på følgjande planar:

  • Eldreplan 2024-2028
  • Handlingsplan i kommunedelplan for helse og omsorg 2025 – 2028
  • Kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet 2024 - 2028
  • Budsjett 2026 og økonomiplan 2026-2029
  • Temaplan for habilitering og rehabilitering
  • Temaplan for psykisk helse og rus
  • Bustadplan

 

I denne perioda setter vi fokus på:

  • Opplæring i bruk av digitale hjelpemiddel og digital inkludering av eldre
  • Eldredagen
  • Planlegging og gjennomføring av eldrefesten
  • Utvikling av eit aldersvennleg samfunn
  • Bu trygt heime
  • Politiske saker som er aktuelle for eldre og ivareta interessene til dei eldre i kommunen