Gratis foreldrekurs: Få eit endå betre forhold til barnet ditt

Ungdomsrådet

Ungdomsrådet

I alle kommunar skal det vere eit ungdomsråd. Ungdomsrådet er det vi kallar eit medverknadsorgan for ungdom, og dette kravet følgjer av kommunelova § 5-12.

Dette betyr at alle saker som gjeld ungdom skal handsamast av ungdomsrådet. Rådet kan også ta opp saker på eige initiativ. Formålet med rådet er å bidra til å sikre brei, open og tilgjengeleg medverknad i saker som gjeld ungdom.

Det er kommunestyret som vel ungdomsrådet. Ungdomsrådet skal ha ei valperiode på inntil to år, og medlemane i ungdomsrådet skal på valtidspunktet ikkje ha fylt 19 år.

Rådet vel sjølv leiar og nestleiar.

Kven er medlemmer av rådet?

Det finn du oversikt over her.

Leiar for rådet er Sivert Sporstøl Leine.  Kontaktinformasjon finn du i lenkja over. 

Har du ei sak til rådet?

Send inn dine forslag her.

Du kan også sende inn forslag til saker via Herøy ungdomsråd sine sider/profilar via Instagram og Facebook

Kva jobbar ungdomsrådet med?

Herøy har eit aktivt ungdomsråd som kan vise til gode resultat.