Bli med på Ti på topp

Innbyggarinitiativ

Innbyggarinitiativ

Innbyggerinitiativ sett ei sak på den politiske dagsorden. Kommuneloven fikk i 2003 eit nytt kapittel (6A) om innbyggarinitiativ. Dette gir innbyggarar rett til å ta opp saker både i kommunen og fylket.

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan ha utdatert informasjon.

Det er satt visse vilkår:

  • Kommuneloven krev at eit visst tal innbyggarar står bak forslaget. Eit forslag må ha støtte av minst to prosent av innbyggarane, eller minimum 300 personar i kommunen eller 500 personar i fylket.
  • Dei som står bak forslaget må være registrert busett i kommunen dersom forslaget vert fremma overfor kommunen, eller i fylket dersom forslaget vert fremma overfor fylkeskommunen.
  • Forslag som vert fremma må gjelde kommunen eller fylkeskommunen si verksemd.
  • Same sak/forslag kan ikkje ha blitt handsama i løpet av dei siste fire årene.
  • Dei som står bak initiativet har ikkje krav på noko bestemt utfall av saken.
  • Forslag som vert fremma anonymt vert ikkje handsama.


Kommunestyret skal ta stilling til forslaget seinast seks månader etter at det er fremma.
Initiativtakarane skal bli informert om avgjerda og dei tiltak som vert gjennomførte som følgje av forslaget. Initiativtakarane må oppgi kven som er kontaktperson for initiativet, slik at han/ho vert orientert om utfallet av initiativet.

Det er ikkje eit krav at dei som står bak forslaget har stemmerett. Det betyr at personar under 18 år kan fremme forslag. Kommunestyret eller fylkestinget pliktar til å ta stilling til forslag som vert fremma.

Skal du fremme sak kan du sende den i posten til Herøy kommune, pb. 274, 6099 Fosnavåg, eller på e-post til arkiv@heroy.kommune.no.