Unntak frå forbodet
Føljande brenning er likevel lov:
- Open brenning på grillinnretningar, utepeisar og bål brukt i tradisjonelt friluftsliv.
- Brenning av reint trevirke, avispapir og liknande i vedomn.
- Bålbrenning jonsokaftan (meldepliktig).
- Bråtebrenning og brenning av tørt hageavfall utanfor tettstad/tettbygd strøk (meldeplikt).
Føresetnader:
- Brenninga skal avsluttast straks dersom den som brenn burde forstå eller blir gjort merksam på at nokon blir sjenert av brenninga.
- Brenninga skal vera avslutta før det vert mørkt.
- Den som utfører brenninga er ansvarleg for at det blir utført på ein kontrollert måte, og skal ta førehandsreglar om beredskap dersom ein mistar kontrollen over brenninga.
- Du må ringe servicenummer til 110-sentralen før opptenning, 70 11 99 99, slik at du unngår unødig utrykking. Jonsokbål skal ikkje varslast til 110-sentralen.
- Du står sjølv ansvarlig for at brenninga foregår på en forsvarlig måte i henhald til gjeldanda forskrifter.
Helse
Utandørs brenning må ikkje medføre fare for helsemessig ulempe, jf. forskrift om miljørettet helsevern § 9. All røyk er giftig, og den som vurderer å brenne utandørs må difor fyrst forsikre seg om at røyken ikkje er til fare eller plage for andre menneske og dyr i omgivnadane. Ein må vere spesielt merksam på dette i bustadområde, samt i nærleiken av barnehagar, skular, sjukeheim og andre institusjonar.
Brenning skal meldast i eige skjema.
Meir informasjon finn du her:
Lokal forskrift for kommunen
Forureiningsforskrifta