Svein Arne Orvik
Tid: Torsdag 25. april 2024 klokka 14.00–16.30
Stad: Thon Hotel Fosnavåg
Alle interesserte i næringslivet er varmt velkomne til dialogmøte om utvikling av Fosnavåg.
Det blir
- innlegg om aktuelle tema
- drøfting i plenum
- refleksjonar om tidligare innspel
Sjå også flygebladet om møtet (PDF, 21 MB).
Nokre problemstillingar er:
- Korleis skal Fosnavåg utviklast i framtida?
- Korleis skal sentrum bli avgrensa og fylt med innhald?
- Kva med parkering og køyremønster?
- Kva med byliv og møteplassar, planar og arealbruk?
- Korleis realiserer vi ein utviklingsplan?
Dialogmøtet er ein del av arbeidet med å lage utviklingsplanen for sentrum, eit arbeid som skjer på oppdrag frå dei folkevalde i kommunen og med pengar frå fylkeskommunen.
Civitas og KIMA arkitektur arrangerer møtet for Herøy kommune.