Lokal kampanje: 4 tips til 65+

Anlaug Varhaugvik: – Skal det berre vere å gå i ti år og vente på at livet er over?

Anlaug Varhaugvik: – Skal det berre vere å gå i ti år og vente på at livet er over?

– Det er fint å få trene i eit fellesskap, seier herøyværing Anlaug Varhaugvik.

portrett av Anlaug Varhaugvik - Klikk for stort bilete Svein Arne Orvik

Med kampanjen «4 tips til 65+» vil vi i Herøy kommune gi nokre tips med på vegen til deg som er 65 år eller eldre.

Klikk her og få med deg kampanjen «4 tips til 65+»

I samband med kampanjen møter vi tre herøyværingar som deler korleis dei ser på det å bli eldre.

Her fortel Anlaug Varhaugvik:

– Då eg fekk ein muskelskade for nokre år sidan, var det veldig freistande å sette seg ned. For når eg sat, hadde eg ikkje vondt. Det gjekk lenge før eg våga å fortelje kor vondt eg hadde det. Men måten eg gjekk på var nok ikkje til å ta feil av. 

Før hadde eg stort sett alltid vore frisk og aktiv. Det var litt flautt at eg no skulle ha så store smerter at eg ikkje greidde å vere med på det eg ville. Men når eg først fortalde om det, tok mange kontakt og sa at dei sleit med noko liknande.

Dette blir du aldri kvitt, fekk eg høyre frå enkelte. Når eg søkte på nettet, sto det at det kunne ta lang tid. Heldigvis var det andre som sa at det uansett hjelper å vere i aktivitet. Eg tenkte: Denne skaden skal ikkje få stoppe meg. Dette må eg få til. 

Fysioterapeuten hjelpte meg mykje og gav meg øvingar eg skulle gjere. Eg gjorde så godt eg kunne og kjende at eg blei betre. Eg heldt fram med å trene med Sterk og stødig-gruppa og å gå korte turar.

Sakte, men sikkert snudde det. No er eg nesten kvitt smertene. Og eg ser fram til å begynne på igjen som instruktør på Sterk og stødig. Der møtest vi ein gong i veka for å trene styrke, balanse og kondisjon. Vi trener på god kroppshaldning og korleis vi snur oss. Vitsen er å forebygge fall, enten det er på ute tur eller heime i stova. Det er fint å få trene i eit fellesskap. Alle er velkomne til å bli med.

Vil du leve lenge, så blir du til slutt gammal. Så er spørsmålet: Kva kan eg gjere for å ha det bra i mellomtida? Dei som er i sekstiåra må begynne å planlegge alderdomen. Eg gjorde ikkje det sjølv før eg begynte å tenke på kva det vil innebere å bli pensjonist. 

Eg hugsar eg tenkte: Skal det berre vere å gå i ti år og vente på at livet er over? Eller kan eg gjere noko i desse åra? Eg fann ut at eg kunne gjere veldig mykje!

Eg seier ikkje at alle skal «flyge på fjellet» kvar dag. Men å gå tur nokre gongar i veka, oppsøke andre, vere med i ei foreining, eit lag eller ei treningsgruppe – det trur eg vil vere givande for dei fleste.

Livet er spennande. Alt kan skje. Men det nyttar ikkje å sette seg til. Vi skal sjølvsagt ha respekt for smerter og følge råda frå fagfolk. Så lenge det er mogleg, må vi prøve å gjere ein innsats sjølv. Eg er sikker på fleire kan greie å vere litt fysisk aktive. Spesielt om dei trener i lag med andre.

Det gir meg veldig mykje å seie ja til ulike verv og oppdrag og delta i aktivitetar. Eg trur eg kan vere til nytte for nokon, gjerne ved å hjelpe andre til å hjelpe seg sjølve. Eg får i alle fall mange gode tilbakemeldingar. Det er kjekt. Og eg blir så glad når eg ser at medmenneska mine har det bra!

av Anlaug Varhaugvik – fortalt til Svein Arne Orvik