Lokal kampanje: 4 tips til 65+

Tips 1: Ver fysisk aktiv – det er godt for både kropp og sinn

Tips 1: Ver fysisk aktiv – det er godt for både kropp og sinn

Kva skjer når du er i aktivitet og pressar deg litt?

eit par på tur - Klikk for stort bilete Adobe Stock

Med ein gong blir du andpusten, får høgare puls og blir varmare. Over tid vil du merke at du får betre kondisjon, klarer meir i kvardagen og blir sterkare.

Fysisk aktivitet bidrar dessutan til prosessar i kroppen som du ikkje merkar sjølv – men som er svært viktige for at du skal halde deg frisk:

  • Blodtrykket fell markant.
  • Forbrenninga held seg høgare. 
  • Fordøyinga blir betre.

 

Denne artikkelen høyrer til «4 tips til 65+». Det er ein lokal kampanje der vi gir nokre tips med på vegen til deg som er 65 år eller eldre.

 

Gjer det mogleg å bu heime lenger

Fysisk aktivitet er bra for hjernen: Du blir meir merksam, regulerer kjenslene betre, løyser problem lettare og hugsar og planlegg betre. Fysisk aktivitet kan bidra til å redusere depresjon og angst – og gi betre søvn.

Ja – fysisk aktivitet gir både meir overskot og betre livskvalitet

Eldre som er fysisk aktive, vil i større grad kunne vere sjølvhjelpte i kvardagen og bu heime lenger.

Det er anbefalt å trene både kondisjon, styrke og balanse.

Å gå slik at du blir sveitt – på tur eller i trapper – er god kondisjonstrening.

Det finst mange måtar å trene styrke og balanse på.

Her kan du ta eit nettkurs som viser korleis du kan trene heime.  

Her ser du sju konkrete øvingar du kan gjere for å førebygge fall

Her finn du endå fleire øvingar.

 

Sterk og stødig i indre og ytre Herøy

Vi vil også tipse deg om eit fint treningstilbod vi har i Herøy: Sterk og stødig. Dette er trening i gruppe for deg over 65 som merker at du av og til er litt ustø. Vi har styrkeøvingar for beina og balansetrening.

Vi har Sterk og stødig-treningar i indre og ytre Herøy. Ta kontakt og bli med!

Her ser du korleis ein time på Sterk og stødig kan vere

Fysioterapeutane i Herøy kan elles gi deg råd om trening og fysisk aktivitet.

 

Gå til hovudsida til kampanjen «4 tips til 65+»

 

Seksjon for rehabilitering i Herøy kommune har samla og tilrettelagt informasjonen i denne teksten. Informasjonen er henta frå statlege og kommunale kjelder.

 

Tre herøyværingar fortel

Få også med deg korleis tre av innbyggarane våre ser på det å bli eldre: