Lokal kampanje: 4 tips til 65+

Tips 4: Et sunt og godt – det er smart på fleire vis

Tips 4: Et sunt og godt – det er smart på fleire vis

Når vi blir eldre, må vi tenke litt annleis om kosthaldet vårt enn det vi gjorde då vi var yngre. 

ei kvinne kuttar grønsaker - Klikk for stort bilete Adobe Stock

Kva vi et, og korleis vi skaffar oss maten, betyr meir enn vi kanskje tenker over i kvardagen. 

Som eldre treng vi ikkje mat med like mykje energi som før, men maten må gi oss like mykje næring. Sagt på ein annan måte: Vi treng mindre feitt og karbohydrat. Men vi må få i oss like mykje vitamin og mineral som før.

Det betyr at etter kvart som åra går, blir det stadig viktigare at kvar munnfull vi et, er næringsrik.

 

Denne artikkelen høyrer til «4 tips til 65+». Det er ein lokal kampanje der vi gir nokre tips med på vegen til deg som er 65 år eller eldre.

 

Næringsrik mat og nok drikke

Døme på næringsrik mat: grønsaker, frukt, nøtter, bønner, linser, grove kornprodukt, potet, reint kjøt, mjølk, fisk og egg.

Døme på lite/mindre næringsrik mat: potetgull, godteri, kaker, sjokolade, bollar, kjeks.

Få med deg kostråda frå Helsedirektoratet.

Kva så med drikke? Mange eldre orkar ikkje å gå på do og drikk derfor for lite. Det er ikkje bra for helsa. 

Vi må drikke godt for å ha nok væske i kroppen til at næringsstoffa kan bli transporterte rundt i kroppen. Som eldre har vi det same væskebehovet som andre vaksne, sjølv om vi kan kjenne oss mindre tørste.

 

Skape gode sirklar

Det er ikkje berre kroppen som treng at du et og drikk sunt og godt. Kosthaldet betyr mykje for heile deg: Et du nok, orkar du lettare å delta fysisk i ulike samanhengar. Når du er meir fysisk aktiv, søv du betre. Og meir aktivitet og betre søvn gir overskot til å lage god og næringsrik mat. 

Alt dette heng i hop. Det gjeld å skape gode sirklar.

Sjølve matlaginga fører også med seg gode ringverknader som kan gi både aktivitet, meining og fellesskap: 

  • planlegge måltidet
  • handle inn varene
  • glede seg til maten
  • halde mattradisjonar ved like
  • invitere gjester til å dele eit måltid 

Ja – vi kan trygt seie takk for maten!

 

Gå til hovudsida til kampanjen «4 tips til 65+»

 

Seksjon for rehabilitering i Herøy kommune har samla og tilrettelagt informasjonen i denne teksten. Informasjonen er henta frå statlege og kommunale kjelder.

 

Tre herøyværingar fortel

Få også med deg korleis tre av innbyggarane våre ser på det å bli eldre: