Acron Project skal leie arbeidet med nytt omsorgssenter i Herøy

Herøy kommune har valt Acron Project AS som samarbeidspartnar i arbeidet med eit nytt, samlokalisert omsorgssenter. Selskapet skal leie tidlegfasen av prosjektet.

Herøy omsorgssenter illustrasjon - Klikk for stort bilete Illustrasjon Herøy omsorgssenter

Oppdraget omfattar mellom anna behovsanalyse, medverknadsprosessar og utarbeiding av gode avgjerdsgrunnlag for vidare planlegging.

– Vi er glade for å få på plass ein samarbeidspartnar med solid erfaring frå liknande prosjekt. Dette er eit viktig steg i arbeidet med å utvikle framtidsretta helse- og omsorgstenester i Herøy, seier Gro Anett Frøystad Voldsund.

Klart for oppstart

Arbeidet med tidlegfasen startar opp i nær framtid. I denne fasen skal kommunen og Acron Project samarbeide tett om å kartlegge behov, vurdere løysingar og legge grunnlaget for det vidare prosjektet.

Acron Project har brei erfaring frå utvikling av helse- og omsorgsbygg, og er særleg sterke på:

  • behovsanalysar
  • medverknadsprosessar
  • strukturert prosjektgjennomføring
  • relevante krav og retningsliner, mellom anna frå Husbanken

Arbeidet blir lagt opp i tydelege fasar, med konkrete leveransar undervegs.

 

Erfaren prosessleiar

 

Beate Aske Løtveit - Klikk for stort bileteBeate Aske Løtveit Arcon Project

Beate Aske Løtveit vil vere prosessleiar i prosjektet. Ho har bakgrunn innan pedagogikk og leiing, og organisasjons- og arbeidslivspsykologi.

Løtveit har brei erfaring frå arbeid med organisasjonsutvikling og prosjektutvikling, mellom anna frå Norconsult og WSP Norge. Ho har jobba mykje med prosessleiing og samfunnsutvikling, og er i dag partner i Avec og gründer og dagleg leiar i Aske Prosjektutvikling.

Ho vil leie arbeidet med å sikre gode prosessar og godt avgjerdsgrunnlag i tidlegfasen av prosjektet.

 

Vekt på brei medverknad

Herøy kommune legg stor vekt på at mange skal få vere med og påverke det nye omsorgssenteret.

Tilsette i helse- og omsorgstenestene – som sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, fysioterapeutar og andre fagmiljø – vil bli inviterte inn i arbeidet. Det gjeld også reinhald, byggdrift, kjøkkenpersonell, frivillige og andre som kjenner drifta i kvardagen.

Samtidig er det viktig for kommunen at også brukarrepresentantar, politikarar og innbyggarar blir høyrde i prosessen.

– Dette er eit prosjekt som engasjerer mange, og vi veit at særleg spørsmålet om lokasjon er viktig for innbyggarane. Difor skal vi legge til rette for openheit og reell medverknad, slik at alle som ønskjer det får komme med innspel, seier Gro Anette Frøystad Voldsund.

 

 

 

Medverknaden vil skje gjennom mellom anna:

  • arbeidsmøte
  • workshopar
  • deltaking i planlegging av rom og funksjonar

Målet er at dei som skal bruke bygget – både tilsette, brukarar, pårørande, frivillige og besøkande – skal vere med og forme gode løysingar.

 

Eit framtidsretta omsorgstilbod

Det nye omsorgssenteret skal legge til rette for gode tenester, effektiv drift og trygge rammer.

Prosjektet vil ha særleg fokus på:

  • gode pasientforløp
  • funksjonelle og fleksible løysingar
  • tverrfagleg samarbeid
  • kvalitet og berekraft