Philipp Kessler-Myking
Herøy kommune ber om tilbod på totalentreprise der tidlegare tannlegekontor skal byggast om til kontorlokale. Lokalar er ein del av det kommunale bygget med adresse Industrivegen 19, 6080 Gurskøya.
Omfang av oppdraget
Prosjektomfang er i hovudsak å totalrehabilitere den innvendige delen i tillegg til mindre endringar av fasaden. Totalentreprenør skal også gi ein opsjonspris på nye vindauge og solskjerming type screens.
Konkurransegrunnlaget
Konkurransegrunnlaget og kravsspesifikasjon/funksjonsbeskrivingar finn du på Doffin sin nettside.
Det vert gjennomført tilbodssynfaring mandag 28.09.2026 kl. 10:00 i Industrivegen 19 for aktuelle entreprenørar.
Tilbodsfrist: 20.10.2026 klokka 12:00