Arbeidsmiljøprisen til seksjon psykisk helse og rus

– Alle er opptekne av å sjå kvarandre, heiter det i grunngivinga for arbeidsmiljøprisen for 2024.

smilande personar på rekke i sommarleg landskap - Klikk for stort bileteFrå venstre på bildet: Gjertrud Johnsen, sjukepleiar; May Gunn Ertesvåg, sosionom; Anniken Kessler-Myking, fagleiar; Kristine Pettersen, sosionom; Marit Stegali, vernepleiar; Sunniva Bigset Karlsen, sjukepleiar; Bjørg Omholt, psykolog; Malene Garli, sjukepleiar; Ingebjørg Rønnestad, sosionom. Silje Ringstad

Kommunedirektør Trond Arne Rossi Aglen delte ut prisen på vegner av arbeidsmiljøutvalet i kommunen. Det er arbeidsmiljøutvalet som er jury og avgjer kven som får prisen.

Grunngivinga lyder slik:

«Arbeidsmiljøprisen for 2024 går til ei eining som

  • oppgir at kvar enkelt tilsett legg ned ein god innsats for at arbeidsplassen skal være ein god stad å være. Dei opplever at alle er opptekne av å sjå kvarandre, akseptere at vi er ulike og har ulike meiningar og måtar å handtere oppgåver på.  På seksjonsmøte tek vi som fast punkt opp ting som rører seg og som er viktig for å oppretthalde det gode arbeidsmiljøet.
  • seier dei har rom for å dele erfaringar og meiningar som skapar eit miljø for å kunne kjenne seg trygg til å seie det ein tenker og meinar, og også innrømme feil og manglar. Fokus på styrke psykologisk trygghet og sjølvivaretakelse. Har fast innsjekk på morgonkaffe for kollegavegleiing og støtte i det daglege.
  • seier dei har ein leiar med fokus på fagutvikling, og som viser oss tillit på ein slik måte som gjer oss motivert og engasjert i jobben vi er sett til å gjer. Seksjonen vår har vore gjennom ei reise frå et krevjande og sårbart utgangspunkt til eit arbeidsmiljø prega av tryggleik, openheit og fellesskap. Vi har saman løfta kvarandre, jobba målretta med kultur og kommunikasjon - og slik skapt eit miljø der det no er rom for både humor, varme og fagleg utvikling.

Arbeidsmiljøprisen 2024 går til seksjon psykisk helse og rus.»

fire personar tar i mot eit diplom frå ein femte person - Klikk for stort bileteFrå venstre: fagleiar May Gunn Ertesvåg, fagleiar Anniken Kessler Myking, seksjonsleiar Silje Ringstad og sjukepleiar Sunniva Bigset Karlsen frå seksjonen for psykisk helse og rus tok imot diplomet frå kommunedirektør Trond Arne Aglen. Svein Arne Orvik

Tiltak som skaper eit trygt arbeidsmiljø

Arbeidsmiljøprisen blir gitt kvart år til ei avdeling i kommunen. Vinnarane får 10 000 kroner og eit diplom. Pengepremien skal nyttast til arbeidsmiljøtiltak i vinnaravdelinga.

Arbeidsmiljøprisen blir gitt for tiltak som

  • er med på å skape eit godt og trygt arbeidsmiljø
  • kan bidra til auka motivasjon, entusiasme og humør
  • medverkar til samarbeid over etablerte grenser
  • verkar førebyggande på helseskadar
  • har stor overføringsverdi

Alle tilsette kan nominere kandidatar til arbeidsmiljøprisen. Medlemmene i arbeidsmiljøutvalet kan også nominere.