«Barn og seksualitet - det normale og det bekymringsfulle»

Torsdag 16.oktober var heile den tverrfaglege samhandlingsriggen kring barn og unge invitert til fagdag på kulturhuset. Det var ein inspirerande dag! Og heile 60 personar frå dei ulike delane av «laget rundt barnet» var med!

Representantar frå overordna stategigruppe i kommunen og dei som hadde innlegg. - Klikk for stort bileteRepresentantar frå overordna stategigruppe i kommunen og dei som hadde innlegg. Helse og omsorg

NOK Møre og Romsdal innleia med å informere om deira lavterskel hjelpetilbod og fagressurs om seksuelle overgrep. Sexolog Laila Nøsen tok publikum med på ei spennande og lærerik reise om sunn seksualitet, og minna alle om kor førebyggande kunnskap om det kan vere – i ei verden med lett tilgang til feilinformasjon på nett.

Bilde frå boka "Pornoprat" - Klikk for stort bileteBilde frå boka "Pornoprat" Bilde tatt av oppslag av boka "pornoprat". Fotograf: Gro-Anette F Voldsund

Åse Bårdsnes Djupvik er rektor og leiar av det tverrfaglege teamet ved Nerlandsøy skule. Ho nytta BTS-modellen for å vise korleis deira team fyl opp ved bekymring for eit barn, med fokus på kva som fungerer og kva som framleis kan bli betre i samhandlinga på tvers.

Neste aktør ut var Statens barnehus, som er del av Møre og Romsdal Politidistrikt. Personalet der er sivilt ansatte med barnefagleg spisskompetanse. Barn, ungdom og vaksne med psykisk utviklingshemming kjem til Statens barnehus når det er mistanke om at dei kan ha vore utsett for, eller vitne til, vald eller seksuelle overgrep. Dei peika blant anna på følgjepersonen si viktige rolle for å gjere barnet eller ungdommen så trygg som mogleg under besøket.

Politiet sitt avsnitt for grov vald og seksuelle overgrep har eigne «avhøyrarar» med spisskompetanse på å snakke med barn og unge. Politioverbetjent Tone Nørvåg frå Herøy har fleire års erfaring frå nettopp det, og informerte om saksgangen frå bekymring til etterforsking, tilrettelagde avhøyr og avhøyrsmetodar.