Barnehageavdelinga får Kommunikasjonsprisen

Kommunikasjonsprisen for 2022 i Herøy kommune går til barnehageavdelinga ved avdelingsleiar Elisabeth Warpe og dei fire kommunale barnehagane.

Frå venstre: Styrar Belinda Yasmin Moltu i Moltu barnehage, avdelingsleiar Elisabeth Warpe i barnehageavdelinga, styrar i Bergslia barnehage Monica Kvalsund, styrar i Myrsnipa barnehage Reidun Myrvågnes, kommunikasjonssjef Svein Arne Orvik. Styrar Oddhild Dybvik Aas i Leikanger barnehage var ikkje til stades då bildet blei tatt. - Klikk for stort bileteFrå venstre: Styrar Belinda Yasmin Moltu i Moltu barnehage, avdelingsleiar Elisabeth Warpe i barnehageavdelinga, styrar i Bergslia barnehage Monica Kvalsund, styrar i Myrsnipa barnehage Reidun Myrvågnes, kommunikasjonssjef Svein Arne Orvik. Styrar Oddhild Dybvik Aas i Leikanger barnehage var ikkje til stades då bildet blei tatt. Rune Paulsen

Avdelinga får prisen for innsatsen med å gjere arbeidet i barnehagane synleg for jobbsøkarar og for foreldre som skal søke barnehageplass. 

– Kommunikasjon er noko av det viktigaste vi gjer for å rekruttere. Det er viktig å gjere kjent det gode arbeidet som skjer i barnehagane, sa avdelingsleiar Elisabeth Warpe då ho takka for prisen. 

Prisen blei delt ut på leiarsamlinga i kommunen onsdag. 

– Det er all grunn til å verdsette godt kommunikasjonsarbeid i dei kommunale tenestene. Vi treng å nå ut til folk og inn til folk. Å kommunisere er å skape fellesskap, sa kommunikasjonssjef Svein Arne Orvik då han delte ut prisen. 

– Tar stadig gode initiativ

Slik er grunngivinga for Kommunikasjonsprisen for 2022:  

«Kommunikasjonsprisen for 2022 går til ei avdeling med fleire verksemder. Det er ei avdeling som jobbar ulike stader i kommunen. Avdelinga har nær kontakt med mange av innbyggarane. Og dei som skal ha tenesta, må søke. 

Dermed gjeld det å vere synleg og jobbe godt med å rekruttere både tilsette og brukarar. Det har prisvinnarane gjort. I 2022 har dei jobba mykje med innhaldet på nettstadane sine – for å gi brukarar og søkarar gode innblikk i arbeidet. 

Dei skriv artiklar som også blir delte i hovudkanalane til kommunen. Både leiarar og tilsette har stilt opp på film, gitt ansikt til arbeidet og fortalt levande om arbeidsplassen sin. Slik er vinnarane også med på å gi alle innbyggarane god informasjon og å bygge omdømet til kommunen. 

Dei samarbeider mykje med kommunikasjonsavdelinga og tar stadig gode initiativ. Og vi ser at vinnarane er bevisste på å samkøyre seg internt når noko skal kommuniserast. 

Prisvinnarane har tenkt strategisk og vore tidleg ute når det nærmar seg tider på året der det er ekstra viktig å nå godt ut. Dei gjer det vi har sagt vi skal gjere i kommunen: bruke kommunikasjon som eit verktøy til å få gjort jobben. 

Det er lett å merke at vinnarane brenn for både læring og utvikling – også når det gjeld kommunikasjon. Kommunikasjonsprisen for 2022 går til barnehageavdelinga ved avdelingsleiar Elisabeth Warpe og dei fire kommunale barnehagane.»

Tidlegare vinnarar

Det er fjerde gongen at Kommunikasjonsprisen blir delt ut. Desse har tidlegare fått prisen: 

  • for 2019: Herøy produksjon 
  • for 2020: Bjørn Martin Aasen 
  • for 2021: Runa Bakke