Barseltreff på Svingen

Er du i barselpermisjon og har lyst til å treffe andre i same livsfase? Barseltreffet er eit samarbeid mellom Svingen og helsestasjonen i Herøy kommune.

Baby ligg på magen til mor - Klikk for stort bilete AdobeStock

Vi ønsker å legge til rette for at foreldre og babyar kan  møtast på Svingen. Vi finn fram matter og gjer klart eit eige rom som kan nyttast til samvær fredagar kl.12.00-14.00. De er sjølvsagt hjarteleg velkomne til å nytte kafétilbodet vårt.

Den 4.desember inviterer vi til ekstra førjulskos i samband med barseltreffet. På dei andre samlingane vil vi vise korte videosnuttar med trygge og faglege råd til foreldre med baby.

Målet er å skape ein uformell møteplass der foreldre kan ha eit sosialt fellesskap i permisjonstida.

Datoar før jul:

  • 20.november
  • 27.november
  • 4.desember
  • 11.desember
  • 18.desember

 

Vel møtt!