Ber om ny vurdering i saka til Suel Kassembo

Kommunestyret er bekymra for handsaminga av asylsaka til Suel Kassembo i Utlendingsnemnda (UNE).

Ei folkemengde ved Herøy kyrkje - Klikk for stort bilete27. februar blei det danna fakkelring rundt Herøy kyrkje, der Suel Kassembo sit i kyrkjeasyl. Martin Hauge-Nilsen

Kommunestyret i Herøy vedtok denne uttalen i møtet sitt torsdag 29. februar 2024:

«Herøy kommunestyre er bekymra for handsaminga av asylsaka til Suel Kassembo.

Suel flykta til Noreg frå Burundi som 16-åring, då foreldra og systera hans vart drepne. Dette fortalte han då han kom til Noreg. Norske myndigheiter trudde ikkje på alderen, og meinte at han kom frå eit anna land. Om han hadde vorte trudd då han kom i 2004 hadde han fått opphald, og truleg vore norsk statsborgar i dag. Etter ein svært lang prosess fekk Suel sommaren 2023 endeleg tak i ein kopi av fødselsattesten sin, og dette er bevis på at han snakka sant den gongen. I staden for å innrømme at ein feil vart gjort i 2004, ønsker UNE å sende Suel ut av landet.

Vi ber om at Stortinget ser på om saka til Suel er godt nok handsama av UNE. Dersom ein person lyg når han eller ho kjem til Noreg, får det konsekvensar for både ein sjølv og familien dersom myndigheitene finn bevis på løgn. Ein risikerer då å verte utvist frå Noreg, sjølv om det har gått både 10 og 20 år. Dette har vi sett fleire eksempel på. Når ein person snakkar sant når ein kjem, skal ein ikkje få den same, rettferdige handsaminga? Bør ein ikkje gjere ei ny vurdering der ein tek omsyn til nye bevis i saka?

Herøy kommunestyre ber om at

  • UNE gjer ei ny vurdering i saka til Suel Kassembo
  • UNE Stornemnd gjer ei vurdering om saka er rett handsama»

Uttalen blir sendt til Mørebenken på Stortinget, Justisdepartementet, Kommunaldepartementet, partia på Stortinget og UNE.