Bli med å marker Pårørandedagen 21.september!
Pårørande er ofte ein uvurderleg ressurs og ei viktig støtte for familie og venner som treng hjelp. På Pårørandedagen ønsker vi å løfte fram den viktige rolla pårørande har, og vise at også dei treng å bli sett, høyrde og verdsette.
KI-generert
På Svingen markerer vi dagen med ei felles turgåing kl.12:15 for dei som ønsker å vere med.
Frå kl. 13.00 til 15.00 får vi besøk av leiaren i LPP Søre Sunnmøre (Landsforeningen for pårørende innen psykisk helse) og den avtroppande leiaren i brukarutvalet for pleie og omsorg. Dei vil dele erfaringar og informasjon om pårørandearbeid. Det blir òg høve til å stille spørsmål og delta i samtalar om tema som opptek mange pårørande.
Kanskje blir det også eit lite musikalsk innslag i løpet av ettermiddagen.
Velkommen innom til ein kopp kaffi og ein prat!
Publisert 17.09.2026 14:33
Sist endra 16.09.2026 14:34