Bli med i Herøy ungdomsråd!
Har du lyst til å vere med og påverke det som skjer i kommunen vår? Vil du seie di meining og vere med på å forme framtida for ungdom i Herøy?
Øyvind Sunde
Herøy ungdomsråd søkjer nye medlemar!
For å søkje må du:
- gå på vidaregåande skule
- vere busett i Herøy kommune
Send ei søknad til mona-grethe.ryssevik@heroy.kommune.no og fortel litt om deg sjølv og kvifor du ønskjer å vere med i ungdomsrådet.
Kva får du vere med på?
- Seie meininga di i saker som gjeld ungdom
- Gi råd til politikarar og kommunen
- Vere med og påverke utviklinga av Herøy
- Få nyttig erfaring med demokrati og medverknad
Søknadsfrist: 19.10.2026 kl. 16:00
Vi håpar å høyre frå deg!
Di stemme er viktig - bli med og gjer ein forskjell for ungdom i Herøy!
Publisert 13.10.2026 12:49
Sist endra 13.10.2026 12:53