Bli med og hjelp nokon på vegen mot førarkortet

Vi treng frivillige til å vere med i bilen når nye sjåførar skal øve seg. Erfaringa di er verdifull for den som treng mengdetrening.

Ein sjåfør og passasjer som køyrer bil. - Klikk for stort bileteFor den som skal ta førarkort er det viktig å få øvd mykje. Thomas Sporsheim
Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan ha utdatert informasjon.

Det er ein stor fordel å kunne køyre bil for å få deltatt i arbeid og aktivitetar i området vårt. Kvalifiseringssenteret for innvandrarar i kommunen organiserer derfor tiltaket Habil. Dette tiltaket skal bidra til at fleire får tatt førarkortet og verte habile sjåførar.

Det er gratis å delta  både for den som sit bak rattet og for den som er med. Ein Toyota Yaris med automatgir vert nytta til køyringa.

Den som skal øve på å køyre

Alle deltakarane skal vere elevar ved ein køyreskule, og dei må ha tatt trafikalt grunnkurs og mørkekøyring.

I tillegg skal deltakaren leggje fram ei stadfesting. I stadfestinga gir deltakaren køyreskulen løyve til å gi den frivillige (altså deg) informasjon om kva vedkomande bør øve på. 

Du som skal vere med på øvekøyringa

Det er viktig at du kommuniserer godt på norsk. Du må vere over 25 år. Og du må ha hatt gyldig førarkort samanhengande dei siste fem åra for køyretøy i klasse B, personbil.

Du som frivillig er alltid definert som ansvarleg sjåfør. Det er pålagt å ha ein ekstra spegel og L-merke på bilen. Dette utstyret ligg i Habil-bilen.

Meld deg som frivillig ved å fylle ut dette skjemaet.