Bli med på lesekampanje for dei yngste

Herøy bibliotek inviterer småbarnsfamiliar til lesekampanjen «100 bøker før du er 6 år».Målet er å skape leseglede og gode lesevanar tidleg i livet. Gjennom kampanjen får barn og vaksne konkrete boktips, små premiar undervegs – og eit diplom når dei har nådd målet.

Bibliotek bøker les 100 bøker før  du er 6 år - Klikk for stort bilete Silje S. Mork

Kampanjen går ut på at de les bøker saman over tid. De bestemmer sjølve tempoet, og både høgtlesing, lydbøker og bøker de har heime tel med. Den same boka kan også lesast fleire gongar – det viktigaste er at barnet får gode opplevingar med lesing.

Slik fungerer det

Det er enkelt å vere med:

  • Hent gratis lesehefte på Herøy bibliotek
  • Les bøker saman med barnet
  • Kryss av i heftet etter kvart
  • Kom innom biblioteket når de har lese 25, 50, 75 eller 100 bøker

For kvar milepæl får barnet ein lese‑button. Når de har lese 100 bøker, ventar eit eige superlesar‑diplom.

Bøker for alle

Leseheftet inneheld forslag til 100 bøker, fordelte på aldersgruppene 0–3 år og 4–6 år. De kan likevel starte der det passar best for barnet.

I heftet finn de også:

  • bøker på ulike språk
  • bøker med symbol, teikn og taktile element
  • ei eiga «bok til alle»-samling

Desse bøkene gjer det enklare å inkludere alle barn, også barn med ulike behov. Samstundes passar dei godt for alle.

Alle bøkene i heftet kan lånast på biblioteket.

Les 100 bøker - Klikk for stort bilete Herøy folkebibliotek
Herøy folkebibliotek les 100 bøler før 6 år - Klikk for stort bilete Herøy folkebibliotek

Alt tel

I denne kampanjen tel all lesing:

  • bøker frå biblioteket
  • eigne bøker heime
  • bøker frå barnehagen
  • lydbøker og e‑bøker

Høgtlesing tel, og de kan gjerne lese den same boka fleire gonger.

Barnet kan fargeleggje stjerner i heftet etter kvar bok. Det gir ei fin anledning til å snakke saman om det de har lese. Det styrkjer både forståing og språk.

Kvifor lese saman?

Når du les for barnet ditt, gir du meir enn ei god historie. Du bidreg til å styrkje:

  • språk og ordforråd
  • fantasi og kreativitet
  • konsentrasjon
  • leselyst
  • nærleik og gode felles opplevingar

Berre nokre få minutt med høgtlesing kvar dag kan gjere ein stor forskjell.

Ein del av ei fylkessatsing

«100 bøker før du er 6 år» er ei satsing frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Kampanjen blir no rulla ut ved bibliotek over heile fylket.

Målet er å gjere det enklare og meir motiverande for familiar å lese saman i kvardagen – og å styrkje biblioteket som møteplass og ressurs.

Kampanjen er inspirert av liknande tiltak andre stader i landet, og kjem som eit tillegg til etablerte tilbod for eldre barn, som Sommerles.

Velkomen til Herøy bibliotek

Hefte og premiar kan hentast på Herøy bibliotek.

Opningstider i sommar

Opningstidene i sommar (29. juni- 17. august)

Måndag 11-18, tysdag 11-15, onsdag 11-18, torsdag 11-15, fredag  11-15. Laurdag stengt.

OBS! Mandag 6. juli blir stengt, men meirope 08-22 

Vanlege opningstider frå måndag 17. august.

Meirope har vanlege opningstider, måndag til fredag 08-22 og i helga 08-18.

opningstider på bilblioteket - Klikk for stort bilete Herøy folkebibliotek